D? Norden skreiv seg stor

I tidleg nordisk historieskriving finn ein b?de Romerriket, Bibelen og det forsvunne Atlantis. I si tid var alt dette brennbart materiale, farga av draumar om nordisk storheit. For det handla om politikk, og om eigarskap til historia.

Illustrasjon av vann, hus og fjell. Bl? penn p? gult ark.

llustrasjon av Vard? og Vard?hus fr? 1698, henta fr? amtmann Lilienskiolds verk ?Speculum Boreale?. Lisens: Falt i det fri (Public domain)

Norden – ei gruppe nasjonar som nok er sm?, men som boksar i st?rre vektklasser. I verda lanserar vi oss sj?lv som stormaktar innanfor fred, velferd og olje. Kanskje er det ikkje s? rart at desse tankane om storheit dukkar opp, n?r Norden stadig vekk ligg i toppsjiktet over verdas beste land.

Men tankane om nordisk storheit er ikkje nye. La oss sj? tilbake i historia, p? Norden gjennom blikket til historieskrivarane fr? 1600-talet. Der finn vi ikkje forteljingar om ein kaldt og forbl?st utkant av Europa, men om eit mektig folk, erobrarar og store sigrar.

Dei gl?ymde historieverka

Ein av desse historieskrivarane er embetsmannen Johannes Lilienskiold.

I Det kongelege bibliotek i K?benhavn ligg det to store handskrivne historieverk som Lilienskiold f?rte i pennen av mot slutten av 1600-talet. Desse verka ber titlane ?Nordens ?re-st?tte? og ?De italienske Kongers Historier?, og fortel storsl?tte historier om folket fr? nord.

Dame med gr?tt h?r og sorte briller.
Professor Anne Eriksen. Foto: UiO.

– P? den eine sida er dette unike, handskrivne manuskript, p? den andre sida er tekstane refleksar fr? ein solid tradisjon, som nettopp dreiar seg om forteljingar om nordisk storheit, seier Anne Eriksen, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo.

Hausten 2020 gav ho ut boka ?Livets l?remester?, der Lilienskiolds manuskript er ein av 12 utvalde tekstar.

Lilienskiolds tekstar var ogs? utgangspunktet for foredraget ?Draumen om nordisk storheit?, med Eriksen p? Nasjonalbiblioteket. Foredraget er ein del av arrangementsserien ?Konstruksjonen av Norden?, som utforskar ideen om det nordiske fellesskapet – fr? mellomalderen og fram til i dag.

Erobrarane fr? nord

Grunnforteljinga i Lilienskiolds tekstar er fr? perioden vi i dag kjenner som folkevandringstida, fortel Eriksen. Ei kaotisk tid, prega av erobringar og Romerrikets fall.

– Lilienskiold skriv om dei nordiske folkestammene som vandrar s?rover i Europa der dei til slutt erobrar Romerriket.

Eriksen forklarar at akkurat denne forteljinga f?rst oppstod i Italia under renessansen, p? 1400-talet.

– Fr? eit italiensk perspektiv er dette ei frykteleg forteljing om ein barbarinvasjon og Romerrikets nedgang. Ei forteljing om kaos, invasjon og vold.

Men s? var det dette med augo som ser. D? den same historia blei plukka opp av historieskrivarar i Norden, vart den snudd p? hovudet. Her blei det fortalt om nordisk storheit og utbreiing. Om sigerherrane over Rom.

– P? denne tida var Sverige og Danmark stormakter i europeisk samanheng. Desse to rika hadde b?de politisk og kulturelt bruk for ei forteljing om at dei mektige erobrarane nedstamma fr? deira eigne folkestammer i nord, seier Eriksen.

– Det var ein m?te ? skrive seg opp og fram p?. Ved ? gi seg sj?lv ei fin, gamal og mektig historie skreiv Norden seg inn i den store europeiske historia.

Eit bibelsk folk

Men forteljinga om Nordens storleik stoppa ikkje ved Romerriket. Snart blei denne forteljinga skriven saman med ei end? eldre tekst, nemleg om utvandringa fr? Babel slik den er skildra i Det gamle testamentet.

– Bibelen fortel om korleis stammene vandra ut fr? Babel d? dei ikkje lenger kunne forst? kvarandre. Folket f?lgde Noa sine tre s?ner, som vandra ut i kvar sin retning. Sonen Jafet gjekk nordover, og historieskrivarane meinte at dette folket n?dde Norden og slo seg ned her, seier Eriksen.

Ved ? kopla denne forteljinga p? historia om erobrarane av Romerriket, blei forteljinga om Nordens storheit end? mektigare og end? eldre. Men i dei nordiske landa fekk forteljinga ulik betyding.

I Sverige blei forteljinga sv?rt viktig, if?lgje Eriksen. Den danna grunnlaget for det som skulle bli g?tisismen, ei svensk kulturr?rsle basert p? ei romantisk og patriotisk overtyding om svenskane si storheit i nordisk fortid. Sj?lve ordet ?g?tisime? byggjer p? ei tru om at goterne som erobra Europa sitt opphav var svenske G?taland. Denne r?rsla stod sterkt i Sverige i eldre tid, og fekk ein ny oppsving p? 1800-talet under nyg?tisismen.

N?r forteljinga fekk mindre betyding i Danmark, kom det av at danskane hadde etablert ei anna historieskriving.

D? historiene om nordisk storheit blomstra under renessansen, hadde Danmark alt eit mykje tettare forhold til b?de den danske historieskrivaren Saxo, Snorre og dei islandske sagaene. Desse historiene hadde sj?lvsagt ikkje med seg dimensjonen med Romerriket, men ga likevel det danske, norske og islandske folket ei storsl?tt forankring i fortida.

Eit svensk Atlantis

At forteljinga om nordisk storheit fekk s? stor tyngde i Sverige, kom ogs? av at den blei omtalt av viktige personar. Ein av desse var Olof Rudbeck, medisinprofessor og historieskrivar.

Mot slutten av 1600-talet publiserte Rudbeck det omfattande verket ?Atlantica?, der han

Maleri av Atlantis undergang
M?leriet ?Terror Antiquus?????? (1908) av den russiske kunstnaren Léon Bakst visar Atlantis' undergang. Lisens: Falt i det fri (Public domain) 

mellom anna lanserte teorien om at Sverige er det forsvunne Atlantis. Historieskrivaren fr? Uppsala skreiv med dette Sverige inn i gresk mytologi, i tillegg til romersk historieskriving.

– Dette er ein fantastisk teori, som dei fleste i dag vil meine er litt vill. Det var det faktisk ein del som meinte ogs? i Rudbecks samtid. Men han var ein mektig mann, og hadde skrive eit stort og l?rd verk. Derfor fekk det stor betyding, seier Eriksen.

Brennbar propaganda

Men kvar kom denne trongen etter dei storsl?tte forteljingane fr?? If?lgje Eriksen gjaldt det eit ganske allment behov. Historieskriving var ei forteljing om makt og politikk.

? ha ei mektig historie var politisk viktig. I samfunn der kristendomen var dominerande og styrte verdsbiletet, var det dei bibelske tekstane som gav st?rst definisjonsmakt og tyngde.

– Kunne du knyte deg sj?lv og folket ditt til det som stod i Bibelen, skreiv du deg n?rmare Gud. Historiene om nordisk storheit gjorde at vi her oppe i nord slapp ? tenkje at den eigentlege sivilisasjonen l?g nede ved Middelhavet. Folket i Norden kunne tenkje ?ja, vi har vore barbarar. Men vi var ogs? barbarane som overtok det heile?, forklarar Eriksen.

Ho understrekar at denne forteljinga om storheit ogs? fanst utanfor Norden. I b?de Tyskland, England og Frankrike var det l?rde som fors?kte ? knytte sitt folk til erobrarane av Romerriket.

– Det blei ein slags kiving mellom dei l?rde om kven som hadde st?rst rett til dei store og ?rerike forteljingane, seier Eriksen.

Ogs? i Norden blei det konflikt om historia. Professoren i kulturhistorie fortel at det mellom Sverige og Danmark oppstod ?historiekrigar? p? 1600-talet. Begge landa hevda h?glydt at det var deira etterkommarar som nedkjempa Romerriket.

– Til slutt blei det ein propagandakrig. I denne perioden var det jo ofte krig mellom Danmark og Sverige, og i dei korte periodane med fred blei det utstedt forbod mot denne typen historieskriving. Det var rett og slett for effektivt som propaganda. Historie fungerte godt som bensin p? b?let om ein ville hisse til krig. Forteljinga om nordisk storheit var rett og slett brennbar.

Gamle tankar

No er det lenge sidan krigar blei utkjempa mellom dei nordiske landa. Og ein kan jo sp?rje seg, kva betyr eigentleg denne tidlege historieskrivinga for Norden i dag?

Mest av alt er det eit bilete p? historieskrivinga i si tid, forklarar Eriksen. Forteljingane om Nordens storheit gir innblikk i korleis vi ein gong forstod oss sj?lv, og korleis vi skreiv oss store og viktige.

Det har skjedd mykje med historiefaget sidan svensk historie var ein del av gresk mytologi. Men tankane om nordisk storheit er kanskje ikkje like framande for oss, sj?lv om dei i dag blir fortalt i ein annan form.

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 17. feb. 2021 13:47 - Sist endret 26. feb. 2021 09:45